17 Sjå, eg sender slangar mot dykk,giftige ormar som ingen kan mana bort.Dei skal bita dykk,seier Herren.
18 Ulækjeleg sorg kjem over meg,hjartet mitt er sjukt.
19 Høyr skriket til folket, mi dotter,frå eit land langt borte!Er ikkje Herren på Sion?Er ikkje kongen hennar der?Kvifor har dei krenkt megmed gudebileta sine,med framande og tomme gudar?
20 Innhaustinga er over,sommaren er slutt,men vi har ikkje vorte berga.
21 Eg er nedbroten,for folket, mi dotter,har brote saman,det svartnar for meg,gru har gripe meg.
22 Finst det ikkje balsam i Gilead?Er det ingen lege der?Kvifor blir ikkje folket, mi dotter, lækt?