7 Jamvel storken under himmelenkjenner sine faste tider,og turteldua, svala og trastapassar tida då dei skal koma.Men folket mitt kjenner ikkje Herrens lov.
8 Korleis kan de seia: «Vi er vise,vi har Herrens lov hos oss»?Sjå, den falske pennen til skrivarenhar forfalska henne.
9 Dei vise blir til skamme,dei blir slegne av redsle og fanga.Dei har jo forkasta Herrens ord.Kva er då deira visdom?
10 Difor gjev eg konene deira til andreog markene deira til nye eigarar.For alle saman,små og store,skaffar seg urett vinning.Profet og prest,alle fer med svik.
11 Lettvint lækjer dei brotet hos folket, mi dotter.Dei seier: «Fred, fred!»men det er ikkje fred.
12 Dei skal bli til skamme,for dei har gjort avskyelege ting.Likevel skjemmest dei ikkje,veit ikkje kva vanære er.Difor skal dei falla mellom dei som er falne.Den timen eg krev rekneskap,skal dei snubla, seier Herren.
13 No vil eg samla dei inn,seier Herren.Det finst ikkje druer på vinrankaog ikkje fiken på fikentreet,lauvet er visna.Det eg har gjeve dei,er borte.