1 Å, om hovudet mitt var vatnog auget mitt ei tårekjelde!Då ville eg gråta dag og nattover dei falne i folket, mi dotter.
2 Å, om eg fann ein stad i ørkenender ferdafolk kunne overnatta!Då ville eg forlata folket mittog gå bort frå dei.For dei er alle ekteskapsbrytarar,ein flokk av trulause.
3 Dei spenner løgnbogenmed tunga som pil.Det er ikkje ved sanningdei herskar i landet.Dei går frå vondskap til vondskap,og dei kjenner ikkje meg,seier Herren.
4 Akta dykk for kvarandre,stol ikkje eingong på ein bror!Kvar bror fer med list,kvar ven går med sladder.
5 Dei lurer kvarandreog snakkar ikkje sant.Dei har lært opp tunga til å lyga,dei er utmatta av vondskap.
6 Mellom svikarar bur du,svikarar som ikkje vil kjennast ved meg,seier Herren.