11 Eg gjer Jerusalem til ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til.Byane i Juda gjer eg til aude staderder ingen kan bu.
12 Kven er så vis at han skjønar detteog kan kunngjera det Herrens munn har tala til han?Kvifor er landet lagt i grus,avsvidd som ein ørkender ingen kan ferdast?
13 Herren svara:Fordi dei sveik mi lov,som eg la fram for dei.Dei høyrde ikkje på mi røystog følgde ikkje mi lov,
14 men dei følgde sitt sjølvrådige hjarteog Baal-gudane,slik fedrane deira hadde lært dei.
15 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg gjev dette folket malurt å etaog giftig vatn å drikka.
16 Eg spreier dei mellom folkeslagsom korkje dei eller fedrane deira kjende.Eg sender sverdet etter deiheilt til eg har gjort ende på dei.
17 Så seier Herren over hærskarane:Ver forstandige! Tilkall gråtekonene,send bod på dei kunnige kvinnene!