14 men dei følgde sitt sjølvrådige hjarteog Baal-gudane,slik fedrane deira hadde lært dei.
15 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg gjev dette folket malurt å etaog giftig vatn å drikka.
16 Eg spreier dei mellom folkeslagsom korkje dei eller fedrane deira kjende.Eg sender sverdet etter deiheilt til eg har gjort ende på dei.
17 Så seier Herren over hærskarane:Ver forstandige! Tilkall gråtekonene,send bod på dei kunnige kvinnene!
18 Dei må skunda seg og koma,dei skal syngja klagesong over osstil tårer fell frå auga våreog vatn dryp frå augneloka våre.
19 Høyr, det lyder klagesong frå Sion:«Å, vi er øydelagde!Vår skam er stor.No må vi bort frå landet,for dei har rive heimane våre.»
20 Ja, kvinner, høyr Herrens ord,øyre, ta imot ordet frå hans munn!Lær døtrene dykkar ein klagesongog lær kvarandre ei likklage: