17 Så seier Herren over hærskarane:Ver forstandige! Tilkall gråtekonene,send bod på dei kunnige kvinnene!
18 Dei må skunda seg og koma,dei skal syngja klagesong over osstil tårer fell frå auga våreog vatn dryp frå augneloka våre.
19 Høyr, det lyder klagesong frå Sion:«Å, vi er øydelagde!Vår skam er stor.No må vi bort frå landet,for dei har rive heimane våre.»
20 Ja, kvinner, høyr Herrens ord,øyre, ta imot ordet frå hans munn!Lær døtrene dykkar ein klagesongog lær kvarandre ei likklage:
21 «Døden kom inn gjennom vindauga våreog gjekk inn i borgene vårefor å utrydda småborn i gata,unge menn på torga.»
22 Tal! Slik er ordet frå Herren:Lik av menneske skal fallasom gjødsel på marka,som kornband etter haustfolket,og det er ingen til å samla dei opp.
23 Så seier Herren:Den vise skal ikkje vera stolt av visdomen sin,den sterke skal ikkje vera stolt av styrken sin,den rike skal ikkje vera stolt av rikdomen sin.