4 Akta dykk for kvarandre,stol ikkje eingong på ein bror!Kvar bror fer med list,kvar ven går med sladder.
5 Dei lurer kvarandreog snakkar ikkje sant.Dei har lært opp tunga til å lyga,dei er utmatta av vondskap.
6 Mellom svikarar bur du,svikarar som ikkje vil kjennast ved meg,seier Herren.
7 Difor seier Herren over hærskarane:Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera for folket, mi dotter?
8 Tunga deira er ei drepande pil,ho talar svik.Med munnen talar dei til nesten sin om fred,men i sitt indre planlegg dei bakhald.
9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,seier Herren,skulle eg ikkje hemna megpå eit folkeslag som dette?
10 Eg set i med gråt og klagesong over fjella,likklage over beita i ørkenen.For dei er avsvidde, ingen ferdast der,det høyrest ingen rautande buskap.Både fuglane under himmelen og dyra på markahar rømt og er borte.