13 Kanaan vart far til Sidon – det var den eldste sonen hans – og til Het.
14 Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane, girgasjittane,
15 hevittane, arkittane, sinittane,
16 arvadittane, semarittane og hamatittane.
17 Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Masj.
18 Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber.
19 Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan.