1. Krønikebok 25 N78NN

Songarane og tenesta deira

1 Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:

2 av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre;

3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris;

4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.

5 Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.

6 Alle desse stod under fedrane sine, Asaf, Jedutun og Heman, når dei var med på gudstenesta i Herrens hus og song til tonane frå cymblar, harper og lyrer, alt etter føresegn frå kongen.

7 Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman.

8 Dei kasta lodd om arbeidet sitt, og alle stod likt, den minste som den største, meisteren som læresveinen.

9 Det fyrste loddet fall på Josef av Asaf-ætta; den andre var Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i talet;

10 den tredje var Sakkur med søner og brør, tolv i talet.

11 Det fjerde loddet fall på Jisri med søner og brør, tolv i talet;

12 den femte var Netanja med søner og brør, tolv i talet;

13 den sjette var Bukkia med søner og brør, tolv i talet;

14 den sjuande var Jesarela med søner og brør, tolv i talet;

15 den åttande var Jesaja med søner og brør, tolv i talet;

16 den niande var Mattanja med søner og brør, tolv i talet;

17 den tiande var Sjimi med søner og brør, tolv i talet;

18 den ellevte var Asarel med søner og brør, tolv i talet.

19 Det tolvte loddet fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i talet;

20 den trettande var Sjubael med søner og brør, tolv i talet;

21 den fjortande var Mattitja med søner og brør, tolv i talet.

22 Det femtande loddet fall på Jeremot med søner og brør, tolv i talet;

23 det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i talet;

24 det syttande fall på Josjbekasja med søner og brør, tolv i talet;

25 det attande fall på Hanani med søner og brør, tolv i talet;

26 det nittande fall på Malloti med søner og brør, tolv i talet;

27 det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i talet;

28 det tjuefyrste fall på Hotir med søner og brør, tolv i talet;

29 det tjueandre fall på Giddalti med søner og brør, tolv i talet;

30 det tjuetredje fall på Mahasiot med søner og brør, tolv i talet,

31 og det tjuefjerde fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i talet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29