1 Benjamin fekk fem søner. Den eldste heitte Bela, den andre Asjbel, den tredje Akrak,
2 den fjerde Noka og den femte Rafa.
3 Bela hadde sønene Addar, Gera, Abihud,
4 Abisjua, Na’aman, Akoak,
5 Gera, Sjefufan og Huram.
6 Sønene til Ehud, som var ættehovdingar for folket i Geba, vart bortførte til Manahat.
7 Det var Na’aman, Akia og Gera som førte dei dit. Desse sønene til Ehud var Ussa og Akihud.
8 Sjaharajim fekk born i Moab-landet etter at han hadde sendt frå seg konene Husjim og Ba’ara.
9 Med Hodesj, kona si, fekk han sønene Jobab, Sibja, Mesja, Malkam,
10 Jeus, Sokja og Mirma. Dette var sønene hans, og dei var ættehovdingar.
11 Med Husjim fekk han Abitub og Elpa’al.
12 Sønene til Elpa’al var Eber, Misjam og Sjemer. Det var han som bygde Ono og Lod med landsbyane som høyrde til.
13 Beria og Sjema var ættehovdingar for folket i Ajjalon. Dei vann over Gat-buane og dreiv dei bort.
14 Akjo, Sjasjak, Jeremot,
15 Sebadja, Arad, Eder,
16 Mikael, Jisjpa og Joka var sønene til Beria.
17 Sebadja, Mesjullam, Hiski, Heber,
18 Jisjmerai, Jislia og Jobab var sønene til Elpa’al.
19 Jakim, Sikri, Sabdi,
20 Elienai, Silletai, Eliel,
21 Adaja, Beraja og Sjimrat var sønene til Sjimi.
22 Jisjpan, Eber, Eliel,
23 Abdon, Sikri, Hanan,
24 Hananja, Elam, Antotia,
25 Jifdeja og Peniel var sønene til Sjasjak.
26 Sjamsjerai, Sjeharja, Atalja,
27 Ja’aresja, Elia og Sikri var sønene til Jeroham.
28 Alle desse var ættehovdingar, hovdingar for kvar si ætt; dei budde i Jerusalem.
29 I Gibeon budde far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.
30 Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Nadab,
31 Gedor, Akjo og Seker.
32 Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.
33 Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.
34 Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.
35 Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
36 Akas fekk sonen Joadda, og Joadda vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,
37 og Mosa fekk Bina. Hans son var Rafa, hans son Elasa og hans son Asel.
38 Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.
39 Sønene til Esjek, bror hans, var Ulam, den eldste, Je’usj, den andre, og Elifelet, den tredje.
40 Sønene til Ulam var djerve krigarar og bogeskyttarar. Dei hadde mange søner og sonesøner, hundre og femti i talet. Alle desse var av Benjamins-ætta.