1 Dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til dei kjempene som hjelpte han i striden.
2 Dei var væpna med boge, og både med høgre og venstre handa kunne dei kasta stein med slyngje og skyta piler av bogen. Dei var frendane til Saul, av Benjamins-ætta.
3 Det var Akieser, hovdingen deira, Joasj, son til Sjema’a, frå Gibea, Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot;
4 Jisjmaja frå Gibeon, ein av dei tretti krigarane og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera;
5 Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;
6 Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-ætta;
7 Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.
8 Av Gads-sønene gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i øydemarka, djerve krigarar, stridsvane kjemper, væpna med skjold og spyd. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.
9 Den fyrste var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab,
10 den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia,
11 den sjette Attai, den sjuande Eliel,
12 den åttande Johanan, den niande Elsabad,
13 den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai.
14 Desse høyrde Gads-sønene til og var hovdingar i hæren, den ringaste over hundre, den gjævaste over tusen.
15 Det var dei som gjekk over Jordan i den fyrste månaden, då elva flødde over sine bredder, og dreiv alle som budde i dalen, på flukt, somme austover og somme vestover.
16 Ein gong kom nokre av Benjamins- og Juda-sønene til David i fjellborga.
17 David gjekk ut til dei, tok til ords og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, då er eg viljug til å gå saman med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå eg ingen urett har gjort, så gjev våre fedrars Gud må sjå det og straffa dykk!»
18 Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:Dine er vi,og med deg held vi lag, ¬du Isaison.Gjev det må gå deg vel,og gjev det må gå ¬dine hjelpesmenn vel!For du får hjelp frå din Gud.Så tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.
19 Av Manasse-mennene var det òg nokre som gjekk over til David. Det var den gongen han saman med filistarane drog ut og skulle strida mot Saul. Likevel kom han ikkje til å hjelpa dei. For fyrstane deira vart samde om å senda han bort. «Det vil kosta oss livet,» sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»
20 Då han så fór til Siklag, gjekk nokre av Manasse-mennene over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var hovdingar for dei hærflokkane som høyrde Manasse til.
21 Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren.
22 Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær.
23 Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt:
24 av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;
25 av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;
26 av Levi-sønene 4 600;
27 og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,
28 og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar;
29 av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus;
30 av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine;
31 av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge;
32 av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;
33 av Sebulons-ætta 50 000 stridsføre menn, budde med alle slag våpen, ei fylking fast rådd på å hjelpa;
34 av Naftali-ætta 1 000 hovdingar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;
35 av Dans-sønene 28 600 stridsbudde menn;
36 av Asjers-ætta 40 000 stridsføre og hærbudde menn;
37 og frå hi sida av Jordan, av Rubens-sønene og Gads-sønene og den andre halvparten av Manasse-ætta 120 000 fullvæpna stridsmenn.
38 Alle desse krigarane kom i ordna fylking og med fast vilje til Hebron og ville gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.
39 Dei var der hjå David i tre dagar. Og dei åt og drakk; for landsmennene deira hadde stelt til gjestebod for dei.
40 Og frå grannelaget, ja jamvel frå Jissakar, Sebulon og Naftali kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var gleda stor i Israel.