1. Krønikebok 26 N78NN

Portvaktarane

1 Portvaktarane var òg inndelte i skift. Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-ætta.

2 Mesjelemja hadde desse sønene: Sakarja var den eldste, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde,

3 Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande.

4 Obed-Edom hadde desse sønene: Sjemaja var den eldste, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte,

5 Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han.

6 Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i ætta si; for dei var dugande menn.

7 Dette er sønene til Sjemaja: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.

8 Alle desse var ætta frå Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn, som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom sekstito etterkomarar.

9 Mesjelemja hadde òg søner og brør, dugande menn, atten i talet.

10 Hosa, som høyrde Merari-ætta til, hadde desse sønene: Sjimri, som var hovding; han var ikkje den eldste, men faren sette han likevel til hovding;

11 den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.

12 Desse skifta av portvaktarar, hovdingane så vel som brørne deira, var det som skulle gjera vaktteneste i Herrens hus.

13 Dei kasta lodd om kvar einskild port, ættgrein for ættgrein, den minste som den største.

14 Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.

15 Obed-Edom fekk sørporten og sønene hans lagerromet.

16 Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleketporten, der hovudvegen går oppover. Såleis kom den eine vaktposten til å stå etter den andre.

17 På austsida stod seks levittar, på nordsida fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerhuset to og to.

18 Ved den opne plassen i vest stod fire attmed vegen og to attmed sjølve plassen.

19 Dette var skifta av portvaktarar, som var ætta frå Korah og Merari.

Tilsynsmenn og domarar

20 Nokre av levittane, brørne til portvaktarane, hadde tilsyn med skattane i Guds hus og med dei gåvene som var vigde til Herren.

21 Til Ladan-sønene, etterkomarane etter Gersjon-sønene gjennom Ladan, høyrde Jehiel-sønene; dei var hovdingar i ættgreinene åt Ladan.

22 To av dei, Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus.

23 Andre høyrde Amram-, Jishar-, Hebron- og Ussiel-sønene til.

24 Mellom dei var Sjubael, son til Gersjom, son til Moses; han var øvste tilsynsmannen over skattane.

25 Frendane hans av Elieser-ætta var Rehabja, son til Elieser, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.

26 Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane.

27 Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand.

28 Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

29 Av Jishar-ætta vart Kenanja og sønene hans sette til å ta seg av dei verdslege gjeremåla i Israel; dei skulle vera tilsynsmenn og domarar.

30 På vestsida av Jordan var Hasjabja og brørne hans av Hebron-ætta, eitt tusen sju hundre dugande menn, sette til å stå for alt som høyrde med til Herrens gjerning og kongens teneste i Israel.

31 Til Hebron-ætta høyrde Jeria, som var hovding for ættene og ættgreinene åt Hebron-sønene. I det førtiande styringsåret åt David vart det røkt etter, og då synte det seg at det fanst dugande stridsmenn mellom dei i Jaser i Gilead.

32 Frendane til Jeria, to tusen sju hundre dugande menn, var òg hovdingar for ættgreiner. Kong David sette dei over Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta til å ta seg av alt det som skulle gjerast for Gud og kongen.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29