1. Krønikebok 6 N78NN

Levi-ætta

1 Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.

2 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.

3 Borna til Amram var Aron, Moses og Mirjam. Og sønene til Aron var Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

4 Elasar fekk sonen Pinhas, og Pinhas fekk Abisjua;

5 Abisjua fekk Bukki, og Bukki fekk Ussi;

6 Ussi fekk Serakja, og Serakja fekk Merajot;

7 Merajot fekk Amarja, og Amarja fekk Akitub;

8 Akitub fekk Sadok, og Sadok fekk Akima’as;

9 Akima’as fekk Asarja, og Asarja fekk Johanan;

10 Johanan fekk Asarja; det var han som gjorde presteteneste i det templet Salomo hadde bygt i Jerusalem.

11 Asarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Akitub;

12 Akitub fekk Sadok, og Sadok fekk Sjallum;

13 Sjallum fekk Hilkia, og Hilkia fekk Asarja;

14 Asarja fekk Seraja, og Seraja fekk Josadak.

15 Men Josadak laut fara med då Herren lét Nebukadnesar føra folket i Juda og Jerusalem i fangenskap.

16 Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.

17 Sønene til Gersjom heitte Libni og Sjimi.

18 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.

19 Og sønene til Merari var Makli og Musji.Dette er levittættene, nemnde etter fedrane deira:

20 Gersjom hadde sonen Libni; hans son var Jahat, hans son Simma,

21 hans son Joak, hans son Iddo, hans son Serah og hans son Jeotrai.

22 Kehat hadde sonen Amminadab; hans son var Korah, hans son Assir,

23 hans son Elkana, hans son Ebjasaf, hans son Assir,

24 hans son Tahat, hans son Uriel, hans son Ussia og hans son Saul.

25 Sønene til Elkana var Amasai og Akimot;

26 hans son var Elkana, hans son Sofai, hans son Nahat,

27 hans son Eliab, hans son Jeroham og hans son Elkana.

28 Samuel hadde to søner; den eldste heitte Joel og den yngste Abia.

29 Merari hadde sonen Makli; hans son var Libni, hans son Sjimi, hans son Ussa,

30 hans son Sjima, hans son Haggia og hans son Asaja.

Tempelsongarane

31 Dette er dei mennene som David sette til å styra med songen i Herrens hus etter at paktkista var komen til ro.

32 Dei gjorde songarteneste framfor møteteltet, Guds bustad, alt til Salomo bygde Herrens hus i Jerusalem. Der stod dei og gjorde tenesta si som dei var føresagde.

33 Dette er tempelsongarane og sønene deira: Av Kehat-sønene: songaren Heman, son til Joel, son til Samuel,

34 son til Elkana, son til Jeroham, son til Eliel, son til Toah,

35 son til Sif, son til Elkana, son til Mahat, son til Amasai,

36 son til Elkana, son til Joel, son til Asarja, son til Sefanja,

37 son til Tahat, son til Assir, son til Ebjasaf, son til Korah,

38 son til Jishar, son til Kehat, son til Levi, som var son til Israel.

39 Asaf, bror til Heman, som stod på høgre sida hans, var son til Berekja, son til Sjima,

40 son til Mikael, son til Ba’aseja, son til Malkia,

41 son til Etni, son til Serah, son til Adaja,

42 son til Etan, son til Simma, son til Sjimi,

43 son til Jahat, son til Gersjom, som var son til Levi.

44 Merari-sønene, brørne deira, stod på venstre sida: Etan, son til Kisji, son til Abdi, son til Malluk,

45 son til Hasjabja, son til Amasja, son til Hilkia,

46 son til Amsi, son til Bani, son til Sjemer,

47 son til Makli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi.

Levittbyane

48 Dei andre levittane, brørne deira, var sette til å gjera allslags arbeid i huset som er Guds bustad.

49 Men Aron og sønene hans var det som bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Berre dei skulle tena i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.

50 Dette var etterkomarane etter Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua,

51 hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serakja,

52 hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Akitub,

53 hans son Sadok, hans son Akima’as.

54 Dette er bustadene åt levittane, teltbyane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Fyrst vart det kasta lodd for Arons-sønene av Kehat-ætta,

55 og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.

56 Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.

57 Såleis fekk Arons-sønene fristadene Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,

58 Hilen og Debir med beitemarker,

59 Asjan og Bet-Sjemesj med beitemarker,

60 og frå Benjamins-ætta Geba, Alemet og Anatot med beitemarker. Det var i alt tretten byar, og kvar ætt fekk sin by.

61 Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta.

62 Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.

63 Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta.

64 Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane.

65 Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane.

66 Dei andre Kehat-ættene fekk desse byane av Efraims-ætta:

67 fristadene Sikem i Efraims-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,

68 Jokmeam og Bet-Horon med beitemarker,

69 Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker,

70 og av den eine halvparten av Manasse-ætta Aner og Bileam med dei beitemarkene som høyrde til. Dette var det den andre Kehat-ætta fekk.

71 Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk av den andre halvparten av Manasse-ætta Golan i Basan og Asjtarot med beitemarker;

72 av Jissakars-ætta Kedesj og Daberat med beitemarker,

73 Ramot og Anem med beitemarker;

74 av Asjers-ætta Masjal og Abdon med beitemarker,

75 Hukok og Rehob med beitemarker;

76 og av Naftali-ætta Kedesj i Galilea, Hammon og Kirjatajim med beitemarker.

77 Merari-sønene, dei andre levittane, fekk av Sebulons-ætta Rimmon og Tabor med beitemarker;

78 og på austsida av Jordan, midt for Jeriko, fekk dei av Rubens-ætta Beser i øydemarka og Jahsa med beitemarker,

79 Kedemot og Mefa’at med beitemarker,

80 og av Gads-ætta Ramot i Gilead og Mahanajim

81 og Hesjbon og Jaser, alle med beitemarker attåt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29