1 Sønene til Ruben, eldste son til Israel. Ruben var den eldste; men då han vanæra lega åt far sin, fekk Josef Israelsson, bror hans, odelsretten, endå han ikkje var oppskriven som den eldste i ættelistene.
2 For Juda var den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde odelsretten.
3 Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi.
4 Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi.
5 Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Ba’al.
6 Hans son var Be’era, som Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, tok til fange og førte bort. Han var hovding for Rubens-sønene.
7 Brørne hans, ætt for ætt, som dei stod oppskrivne i ættelistene, var Je’iel, hovdingen, Sakarja
8 og Bela, son til Asas, som var son til Sjema Joelsson.Rubens-sønene budde i Aroer og heilt til Nebo og Ba’al-Meon.
9 I aust nådde bustadene deira bort imot den øydemarka som ligg hitanfor Eufrat. For feet deira hadde auka sterkt i Gilead.
10 I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Sidan slo dei seg ned i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.
11 Gads-sønene budde midt imot dei i Basan-landet, alt til Salka.
12 Joel var den fremste mellom dei, så kom Sjafam, Janai, domaren i Basan,
13 og brørne deira, ættgrein for ættgrein: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i talet.
14 Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jakdo, som var son til Bus.
15 Aki, son til Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira.
16 Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rakk.
17 Dei vart alle oppskrivne i ættelister på den tid Jotam var konge i Juda og Jeroboam konge i Israel.
18 Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta var djerve menn, som bar skjold og sverd, spente boge og var opplærte til krig. Dei var 44 760 våpenføre menn.
19 Dei gjekk til strid mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab
20 og fekk hjelp mot dei, så hagrittane og alle som var i lag med dei, laut gje seg i deira vald. For dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøna deira, fordi dei sette si lit til han.
21 Dei tok med seg feet åt fienden: femti tusen kamelar, to hundre og femti tusen sauer, to tusen esel, og dessutan hundre tusen menn og kvinner.
22 Det hadde vore eit stort mannefall; for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i landet heilt til dei laut fara i fangenskap.
23 Den eine halvparten av Manasse-ætta budde i Basan-landet, radt opp til Ba’al-Hermon og Senir – det er Hermon-fjellet. Og dei vart talrike.
24 Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jakdiel. Dei var djerve krigarar og namngjetne menn, hovdingar for ættgreinene sine.
25 Men dei sveik sine fedrars Gud. I utruskap heldt dei seg til dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rudt ut for dei.
26 Då eggja Israels Gud assyrarkongen Tiglat-Pileser mot dei, han som dei òg kalla Pul, og han førte bort både Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Han tok dei til Halak, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.