28 Sønene til Abraham var Isak og Ismael.
29 Dette er ættetavla deira: Nebajot var eldste son til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbe’el, Mibsam,
30 Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema,
31 Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane etter Ismael.
32 Ketura, fylgjekona til Abraham, fekk sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan.
33 Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda’a. Alle desse var ætta frå Ketura.
34 Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel.