32 Ketura, fylgjekona til Abraham, fekk sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan.
33 Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda’a. Alle desse var ætta frå Ketura.
34 Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel.
35 Sønene til Esau var Elifas, Re’uel, Je’usj, Jalam og Korah.
36 Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek.
37 Sønene til Re’uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa.
38 Sønene til Se’ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan.