38 Sønene til Se’ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan.
39 Sønene til Lotan var Hori og Homam; og Lotan hadde ei syster som heitte Timna.
40 Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana.
41 Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran.
42 Sønene til Eser var Bilhan, Sa’avan og Ja’akan. Sønene til Disjan var Us og Aran.
43 Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba.
44 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.