45 Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han.
46 Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit.
47 Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.
48 Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han.
49 Då Saul døydde, vart Ba’al-Hanan, son til Akbor, konge etter han.
50 Då Ba’al-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa’u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred Mesahabsdotter.
51 Då Hadad var død, rådde desse ættehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet,