11 Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,
12 drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei beina deira under eika i Jabesj og heldt faste i sju dagar.
13 Såleis døydde Saul fordi han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og fordi han hadde spurt daudingånder til råds
14 og ikkje søkt råd hjå Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David Isaison.