3 Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart såra.
4 Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og fara ill med meg.» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.
5 Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og døydde.
6 Såleis døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.
7 Då alle israelittane som budde nede på sletta, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.
9 Dei rana Saul, hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen for avgudane deira og for folket.