1 Heile Israel kom saman hjå David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.
2 Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Og dei salva han til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.
4 No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane.
5 Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.
6 Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.