13 Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane,
14 gjekk Elasar midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.
15 Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.
16 David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.
17 Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»
18 Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn
19 og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.