15 Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.
16 David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.
17 Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»
18 Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn
19 og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.
20 Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.
21 Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.