19 og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.
20 Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.
21 Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.
22 Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve.
23 Like eins felte han ein kjempestor egyptar, som var fem alner høg. I handa hadde egyptaren eit spyd, så tjukt som ein vevbom. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd.
24 Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.
25 Han var høgt vørd mellom dei tretti; men han kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.