4 No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane.
5 Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.
6 Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.
7 David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen.
8 Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen.
9 Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.
10 Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel.