7 David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen.
8 Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen.
9 Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.
10 Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel.
11 Vi skal no rekna opp krigarane til David: Fyrst var det Jasjobam av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.
12 Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ei av dei tre kjempene.
13 Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane,