26 av Levi-sønene 4 600;
27 og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,
28 og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar;
29 av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus;
30 av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine;
31 av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge;
32 av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;