32 av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;
33 av Sebulons-ætta 50 000 stridsføre menn, budde med alle slag våpen, ei fylking fast rådd på å hjelpa;
34 av Naftali-ætta 1 000 hovdingar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;
35 av Dans-sønene 28 600 stridsbudde menn;
36 av Asjers-ætta 40 000 stridsføre og hærbudde menn;
37 og frå hi sida av Jordan, av Rubens-sønene og Gads-sønene og den andre halvparten av Manasse-ætta 120 000 fullvæpna stridsmenn.
38 Alle desse krigarane kom i ordna fylking og med fast vilje til Hebron og ville gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.