1 David samrådde seg med førarane, både dei over tusen og dei over hundre mann, med alle hovdingane.
2 Så sa han til alle israelittane som var samla: «Om de så synest, og kjem det frå Herren vår Gud, så lat oss senda bod til dei av brørne våre som er att rundt i heile Israel, og samstundes til prestane og til levittane i byane deira med beitemarker ikring, og be dei koma saman hjå oss.
3 Så skal vi flytta vår Guds paktkiste hit. For i Sauls dagar spurde vi aldri etter den.»
4 Då svara heile folket som var samla, at så skulle gjerast; for alle tykte det var rett.
5 Så samla David heile Israel frå Sjikor i Egypt til Lebo-Hamat; dei skulle henta Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6 Og David og alle israelittane fór opp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter.