11 David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
12 Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?»
13 Så tok han ikkje paktkista med seg til Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.
14 Der vart ho ståande i tre månader. Og Herren velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det som høyrde han til.