3 Så skal vi flytta vår Guds paktkiste hit. For i Sauls dagar spurde vi aldri etter den.»
4 Då svara heile folket som var samla, at så skulle gjerast; for alle tykte det var rett.
5 Så samla David heile Israel frå Sjikor i Egypt til Lebo-Hamat; dei skulle henta Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6 Og David og alle israelittane fór opp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter.
7 Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna.
8 David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar.
9 Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege.