5 Så samla David heile Israel frå Sjikor i Egypt til Lebo-Hamat; dei skulle henta Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6 Og David og alle israelittane fór opp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter.
7 Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna.
8 David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar.
9 Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege.
10 Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn.
11 David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.