1 Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømmermenn, som skulle byggja eit hus åt han.
2 David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans; for riket hans hadde nått høgt i vørdnad på grunn av Israel, folket hans.
3 David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
4 Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
5 Jibhar, Elisjua, Elpelet,
6 Nogah, Nefeg, Jafia,
7 Elisjama, Be’eljada og Elifelet.