3 David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
4 Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
5 Jibhar, Elisjua, Elpelet,
6 Nogah, Nefeg, Jafia,
7 Elisjama, Be’eljada og Elifelet.
8 Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut imot dei.
9 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.