7 Elisjama, Be’eljada og Elifelet.
8 Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut imot dei.
9 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
10 Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»
11 Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Gud har brote igjennom fiendens rekkjer ved mi hand liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.
12 Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David sa frå at dei skulle brennast.
13 Men filistarane kom att og spreidde seg ut over dalen.