8 Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut imot dei.
9 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
10 Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»
11 Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Gud har brote igjennom fiendens rekkjer ved mi hand liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.
12 Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David sa frå at dei skulle brennast.
13 Men filistarane kom att og spreidde seg ut over dalen.
14 Då spurde David Herren til råds ein gong til, og han svara: «Du skal ikkje fylgja rett etter dei, men ta ein omveg, så du kjem over dei midt for bakatrea.