1 Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davids-byen. Han stelte til ein stad åt Guds paktkiste og sette opp eit telt åt henne.
2 Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»
3 Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til åt henne.
4 Og David kalla saman Arons-sønene og levittane:
5 av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og brørne hans, 120 mann;