13 Når Herren førre gongen braut inn mellom oss, var det fordi de ikkje var med; vi søkte han ikkje på rett vis.»
14 Då helga dei seg, prestane og levittane, så dei kunne føra paktkista åt Herren, Israels Gud, opp dit ho skulle.
15 Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, så som Moses etter Herrens ord hadde sagt dei føre.
16 Så baud David levitthovdingane at dei skulle la brørne sine, songarane, stiga fram med musikkinstrument, med harper, lyrer og cymblar. Dei skulle spela på dei medan dei lét gledesongen ljoma.
17 Då lét levittane Heman Joelsson stiga fram, og av brørne hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, brørne deira, Etan, son til Kusjaja.
18 Saman med dei var brørne deira av annan rang: Sakarja, Ja’asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Benaja, Ma’aseja, Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom og Je’iel, portvaktarane.
19 Songarane Heman, Asaf og Etan skulle slå på bronsecymblar.