2 Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»
3 Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til åt henne.
4 Og David kalla saman Arons-sønene og levittane:
5 av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og brørne hans, 120 mann;
6 av Merari-sønene Asaja, den øvste, og brørne hans, 220 mann;
7 av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og brørne hans, 130 mann;
8 av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og brørne hans, 200 mann;