20 Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Ma’aseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot».
21 Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je’iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» og styra songen.
22 Kenanja, den øvste av levittsongarane, skulle styra songen; for han skjøna seg på det.
23 Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista.
24 Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste. Og Obed-Edom og Jehia heldt vakt ved døra.
25 Så tok dei ut, David og dei eldste i Israel og tusenmannsførarane; med fagnad skulle dei henta Herrens paktkiste opp frå huset åt Obed-Edom.
26 Og fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju verar.