25 Så tok dei ut, David og dei eldste i Israel og tusenmannsførarane; med fagnad skulle dei henta Herrens paktkiste opp frå huset åt Obed-Edom.
26 Og fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju verar.
27 David var kledd i ei kappe av fint lin, og like eins alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, songmeisteren, som styrte songen. David hadde òg på seg presteskrud av lin.
28 Så førte då heile Israel Herrens paktkiste opp med fagnadrop og hornlåt, og dei bles i trompetar og slo på cymblar og spela på harpe og lyre.
29 Men då paktkista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa, og ho vanvørde han.