8 av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og brørne hans, 200 mann;
9 av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og brørne hans, 80 mann;
10 av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og brørne hans, 112 mann.
11 Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab
12 og sa til dei: «De er hovdingar for ættgreinene åt levittane. Helga dykk no, både de og brørne dykkar, og før så paktkista åt Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt til åt henne.
13 Når Herren førre gongen braut inn mellom oss, var det fordi de ikkje var med; vi søkte han ikkje på rett vis.»
14 Då helga dei seg, prestane og levittane, så dei kunne føra paktkista åt Herren, Israels Gud, opp dit ho skulle.