3 Så delte han ut til kvar israelitt, både mann og kvinne, ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake.
4 Sidan sette han nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.
5 Asaf var den øvste av dei; etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på cymblane,
6 og prestane Benaja og Jahasiel skulle støtt blåsa i trompetar framfor paktkista.
7 Den dagen sette David for fyrste gong Asaf og brørne hans til å lovsyngja Herren:
8 Pris Herren, ¬kalla på hans namn,forkynn hans storverk ¬mellom folka!
9 Syng for han, og spel for han,tal om alle hans under!