36 Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og alt folket sa «amen» og prisa Herren.
37 Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag –
38 og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.
39 Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon.
40 Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.
41 Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»
42 Desse to, Heman og Jedutun, hadde trompetar og cymblar hjå seg til bruk for dei som skulle spela, og like eins andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.