40 Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.
41 Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»
42 Desse to, Heman og Jedutun, hadde trompetar og cymblar hjå seg til bruk for dei som skulle spela, og like eins andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.
43 Så tok alt folket ut og fór kvar til sin heim; og David vende òg heim att, ville velsigna huslyden sin.