5 Asaf var den øvste av dei; etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på cymblane,
6 og prestane Benaja og Jahasiel skulle støtt blåsa i trompetar framfor paktkista.
7 Den dagen sette David for fyrste gong Asaf og brørne hans til å lovsyngja Herren:
8 Pris Herren, ¬kalla på hans namn,forkynn hans storverk ¬mellom folka!
9 Syng for han, og spel for han,tal om alle hans under!
10 Ros dykk av hans ¬heilage namn!Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.
11 Spør etter Herren og hans makt,søk alltid hans åsyn!