1 Ein dag David sat i huset sitt, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkiste står i eit telt.»
2 Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Gud er med deg.»
3 Men same natta kom Guds ord til Natan, og det lydde så:
4 «Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i.
5 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Men eg har ferdast om frå telt til telt, frå bustad til bustad.
6 Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar, som eg sette til å vakta folket mitt: Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?
7 Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.