12 Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
13 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14 Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.»
15 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
16 Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mi ætt, sidan du har ført meg til denne dag?
17 Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18 Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din.