17 Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18 Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din.
19 Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.
20 Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.
21 Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt – eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Med storverk og under skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut or Egypt.
22 Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.
23 Så lat det no, Herre, stå ved lag for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og ætta hans, og gjer som du har sagt!