2 Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Gud er med deg.»
3 Men same natta kom Guds ord til Natan, og det lydde så:
4 «Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i.
5 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Men eg har ferdast om frå telt til telt, frå bustad til bustad.
6 Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar, som eg sette til å vakta folket mitt: Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?
7 Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.
8 Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.